Som tidlegare år arrangerer Fjell Kystlag Langøymarknaden på Langøy Kystgard. Laurdag 25. august kl 12.00 opnar marknaden for både liten og stor. Her kan ein nyta kortreist tradisjonsmat frå området, sjå på gamle båtar og handla kunst og husflid frå dei mange utstillarane. Det vert høve til å prøva fiskelukka og til å padla i kano eller kajakk. Langøy Kystgard stiller med nysteikte skillingsbollar frå eige bakeri. Velkomne!
Dersom du ynskjer å stilla som utstilla,r ta kontakt med Fjell Kystlag på e-post langoymarknaden@fjellkystlag innan 1.juli.
KONTAKT OSS
+47 45 41 39 66
post@langoykystgard.no